CBIS 6656324
CBIS 6656323
CBIS 6656329
CBIS 6656460

Besseggen - guida sommertur | Gjendeguiden

Ein fjelltur i verdensklasse? Vi går den gjerne saman med deg!

Alle har høyrt om den, mange har gått den, og mange fleire drøymer om å gå den! Besseggen er fyrst og fremst ein fantastisk flott fjelltur, med utsikt til store delar av Jotunheimen og mange av Jotunheimen sine stortoppar på over 2000 moh. Besseggen er fjellryggen som ligg mellom fjellvatnet Gjende på 984 moh i sør, og Besshø (2258moh) og Bessvatnet på 1374 moh på nordsida. På «bandet», det smalaste partiet mellom vatna, er det berre nokre få meter som hindrar Bessvatnet i å renne over og stupe nesten 400 meter rett ned i Gjende!

GJENDEGUIDEN har mange forespørslar om guida turar over Besseggen. Ein del firma, grupper og enkeltpersonar synest det er greit å ha med kjentmann, og mange er etter turen enno meir glade dette for valget, når vi kanskje har gått i regn og dårleg sikt heile dagen, med kompasset flittig i bruk. For det er nå eingong slik at dei fleste fjellturar i Norge er greie å gjennomføre så lenge forholda er gode, medan mange turar kan vere utfordrande under dårelege ver-og føreforhold.

Address: Gjendevegen 231, 2683 Tessanden
Email: