TREseminaret 2020

Beliggenhet: Dovre
Kategori: Arrangement, Utstillinger
Dato: Tirsdag 21 apr 2020 - søndag 26 apr 2020

fr. 3750 NOK

Velkommen til det årlige TREseminaret på Dovre. Vi tilbyr kurs med fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innen tre og tradisjonshåndverk.

Seminaret vil gi deg som deltaker et solid faglig utbytte, og gi en anledning til å møte andre med felles interesser og i samme bransje. Du kan bygge nettverk for deg sjølv eller bedrifta di, og ha det hyggeleg i inspirerande omgjevnader.
Seminaret går av stabelen i veke 17 kvart år, og blir arrangert for 16. gang i 2020.

Det samlast 100-120 handverksinteresserte frå Noreg, men og frå Skandinavia og frå «det store utland».


Seminaret startar tysdag og blir avslutta søndag. Det består av ei rekkje handverks- og husflidskurs på tre og fire dagar utover i veka, samt tilbod om foredrag på kveldstid. 

TREseminaret legg vekt på å vera eit arrangement der heile familien kan delta. I helga kan dei vaksne gå på kurs, medan det i regi av Husflidskonsulenten i Hedmark blir tilrettelagt for eigne aktivitetar for barn.

Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta.
Lunsj er matpakke som blir ete på Hjerleid, middag blir servert på Toftemo Turiststasjon.

TREseminaret legg og vekt på formidling av tradisjonshandverk til barn og unge, og har fleire eigne opplæringstilbod tilpassa denne målgruppa.

Under TREseminar er det årleg aktuelle utstillingar som reflekterer kursa eller tema for seminaret. 

Seminaret, kursa og utstillingane er lokalisert på Hjerleid og i Bygningshistorisk park på Dovre. Foredraga blir halde på Toftemo turiststasjon, alt i nærleiken av Dovre sentrum.


Les mer om TREseminaret her: www.treseminaret.no

Tid/dato

Dato Tid Arrangementssted
21 Apr
Tirsdag 21 apr 2020 Hjerleid -Skole og håndverkssenter
22 Apr
Onsdag 22 apr 2020 Hjerleid -Skole og håndverkssenter
23 Apr
Torsdag 23 apr 2020 Hjerleid -Skole og håndverkssenter
24 Apr
Fredag 24 apr 2020 Hjerleid -Skole og håndverkssenter

Kontaktinformasjon

Telefonnummer
+47 61 24 05 51
E-post
[email protected]
Nettside
http://www.treseminaret.no

Lenker

Prisinformasjon

Priser fra
3750 NOK

Kontakt oss

Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Ola Dahls Gate 1
2670 Otta

Tlf: +47 61 24 14 44
Send epost

Bestill

Online booking er ikke tilgjengelig via Nasjonalparkriket.no.
Ta direkte kontakt med bedriften.
Build: 13.01.2020 17:00:40, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7757.cbischannel-24818 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails