Rock 'N' Rein i Jotunheimen

Beliggenhet: Sjodalen
Arrangementssted: Besseggen Fjellpark
Kategori: Festivaler, Mat, Arrangement
Dato: Fredag 6 okt 2017 - lørdag 7 okt 2017
per pers

fr. 695 NOK

Oktoberfest i fjellheimen! Velkomen til to dagars musikk- og etegilde på Besseggen Fjellpark. På dagtid laurdag inviterer vi til handverks- og matmarknad for heile familien ved elva Sjoas bredder.

På kveldstid serverer vi kortreiste godbitar for ganen og importert godlyd for øyra i oppvarma stortelt oppunder Noregs tak. Velkomen til Rock ’n’ Rein – ein kveld eller båe to!
Avslutningshelga på haustferien og Jotunheimen reinsdyrfestival.

PROGRAM
FREDAG 6.OKTOBER – OKTOBERFEST PÅ BESSEGGEN FJELLPARK:
20.00 Teltdørene og baren opnar. Pølsar og øl på menyen i oppvarma stortelt oppunder Noregs tak! Lokale bryggmeistarar skjenkar opp stuttreist øl av ymse slag i lag med vinimportør ane Bertil & Martens frå Otta. Pølser laga av ypperlege råvarar frå fjellheimen. Liveheltane i Belfast Lads toppar det heile med irsk folk og eit par røvarar av beste merke.
01.00 Takk for i kveld og vel heim.

LAURDAG 7.OKTOBER – REINSMARKNAD:
11.00 Reinsmarknad på Besseggen Fjellpark. Salsboder med handverk, mat og drikke tilverka i Reinens
rike og grannelaget. Rein id: Skinnmester So e Kleppe i Jutulskinn presenterer eigne salsprodukt laga av reinsdyr. Aktiviteter for born - og sjølvsagt kjem reinsdyret Iver! Irske Belfast Lads set stemninga med musikk å bli glad av. Grillen er varm og det blir høve til å kjøpe seg eit smakeleg og reint måltid og noko å drikke gjennom heile dagen. Vi held på heilt til klokka 15.00.
16.00 Reinsdyrcruise på Gjende med sightseeingbåt – her får du garantert sjå levande reinsdyr. Billettsal på gjende.no

LAURDAG 7.OKTOBER – HAUSTENS HØGDEPUNKT:
19.00 ROCK 'N' REIN MUSIKALSK GLEDE
Teltdørene og barane opnar for svoltne, tyste og oppstemte reinsrockarar! Få med deg stemninga, smakane, tonene og omgivnadene som gjer denne opplevinga til eit fjellminne å leve lenge på! Heilgrilla reinsdyr og andre varmrettar henta frå Reinens Rike. Speka reinskjøt og andre spanande kaldrettar.
21.00 Dei irske liveheltane Belfast Lads toppar desserten og spelar opp til kveldens musikalske nale.
22.00 Dinnershowet «Av full hals - allsang på grensen» lyfter taket på teltet og snur haustfjellet på hovudet. Topp underhaldning og
musikalsk oppvising av høg klasse. Hald deg gjerne fast, for her klarar du neppe å sitte stille! Baren stengjer 01.00

PRISER:
Oktoberfest: kr 250, aldersgrense 20 år · Rock ’n’ Rein: kr 725, aldersgrense 20 år. Reinskort for begge dager: kr 825.
Billettsalet stenger 25. september.
Ekspressbussar frå Vågåmo og Beitostølen via Gjendesheim og Bessheim.

Rock ’n’ Rein er ein del av Jotunheimen reinsdyrfestival med eit stort mat- og aktivitetstilbod i Sjodalen: www.reinensrike.no


For overnatting, kontakt:
Bessheim Fjellstue & Hytter 61 23 89 13
Besseggen Fjellpark 61 23 89 22
Gjendesheim Turisthytte 61 23 89 10

Velkomen til høgtidsstund i Reinens rike!

Tid/dato

Dato Tid Arrangementssted
6 Okt
Fredag 6 okt 2017 20:00 - 01:00 Besseggen Fjellpark
7 Okt
Lørdag 7 okt 2017 11:00 - 01:00 Besseggen Fjellpark

Kontaktinformasjon

Prisinformasjon

Priser fra
695 NOK
Prisinformasjon
per pers Rock ‘n’ Reinkort: 695 kr. Konsertbillett med festmiddag inkludert. Pakketilbod med overnatting og billett? Ta kontakt med: Bessheim Fjellstue & Hytter 61 23 89 13 Besseggen Fjellpark 61 23 89 20 Gjendesheim Turisthytte 61 23 89 10  

Spar & del

Send
Meldingen er sendt!

Velg arrangementer

  • Fre 6 okt 2017 20:00 - 01:00 @ Besseggen Fjellpark
  • Lør 7 okt 2017 11:00 - 01:00 @ Besseggen Fjellpark
OK

Kart


Kontakt oss

Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Ola Dahls Gate 1
2670 Otta

Tlf: +47 61 24 14 44
Send epost

Bestill

Online booking er ikke tilgjengelig via Nasjonalparkriket.no.
Ta direkte kontakt med bedriften.