Stisykling frå hytte til hytte i Reinens Rike

Beliggenhet: Sjodalen
Arrangementssted: Gjendesheim
Kategori: Arrangement, Idrett og Sport
Dato: Mandag 17 jul 2017 - fredag 21 jul 2017
pakkepris pr. pers i

fr. 8900 NOK

Bli med oss på eit sykkeleventyr i Jotunheimen. I 4 dagar syklar vi på gamle råk og stiar i eit fantastisk kulturlandskap både i skogen og høgt til fjells.

Opplevingar som båttur på Gjende, reinsdyrbesøk, fjellspa og seterbesøk er noko av det ein opplever på turen. Om kvelden får ein gode matopplevingar, basert på dei beste lokale råvarer. Turen passar dei fleste i normal god form, og ein behøver ikkje erfaring frå stisykling.

BESKRIVELSE
Denne veka kan du være med på eit sykkeleventyr i Reinens Rike.
Turen startar på Gjendesheim, DNT sitt fyrtårn i Jotunheimen, måndag 17 juli kl 0900. Her vi møter Marius som er vertskap ilag med Anne. Dei som skal leige syklar får ut desse, og vi har eit ferdråd med gjennomgang av syklar og utstyr. Fyrste turen syklar vi stien over Gjendehalsen og bort til Bessheim. Her serverast det ein enkel lunch med drikke, og vi får tid til å helse på ein av reinsdyra Nils, Iver eller Selfie som tilhøyrer Jotunheimen Rein. Syklar så attende til Gjendesheim, der vi parkerar syklane for dagen. Så møtes vi på brygga ved Gjendeosen og tek Gjendebåten inn til Memurubu på ein ettermiddagstur. Her har vi ca ein time til disposisjon, før båten går attende til Gjendesheim og tre rettars middag laga av lokale råvarer og med god drikke til.

Tirdags morgon startar vi opp kl 0900 etter ein god frokost på Gjendesheim. Vi syklar opp til Valdresflya før vi syklar inn i Heimdalen og utatt Brurskardet. Her får vi ei flott utsikt utover Sjodalen før vi fylgjer ein kjempefin trase nedover mot Maurvangen og vidare over til Bessheim der vertskapet Kari og Bjørn tek i mot oss. Bjørn er og kokken på Bessheim og han serverar ein nydeleg trerettast middag på kvelden. Etter dette rekk ein kanskje litt avslapping i peisestova før ein går til sengs?

Onsdag morgon startar vi opp kl 0900 etter ein kvalitetsfrokost. Det blir ein bratt oppstiging til Bessvatnet, der vi må trille sykkel ein del. Vel innpå Bessvatnet skal vi over Besstrondfjellet og over til Russvassbue. Herifrå er det fin stisykling ned til Russtangen før vi tar vegen til Hindsæter. På Hindsæter blir vi møtt av Karola og Andre, og dere får tilgang til Hindholet kultursauna som er eit lite stykke kulturhistorie. Ein ypperleg plass å komme til etter tre dagar på sykkelsetet. Her finn ein badstue, regndusj, infaraud badstue og ein massasje badestamp. I tillegg er det liggestolar og trivelige omgivelsar i det som er bygd opp som eit gamalt sætertun. Om kvelden er det tre rettars middag, kanskje med rein på menyen, før ein går til ro i det historiske tømmerhotellet.

Etter ein ordentlig frokost på torsdag får vi transport til Griningsdalen der vi syklar ein runde i eit fantastisk kulturlandskap, omgitt av geitar, sau og kanskje vi og ser nokon reinsdyr på turen. Området her inne har bustader registrert attende til vikingetida, og det er fortsatt aktiv sætring her om sommaren. Vi syklar ein fin rundtur, og avsluttar med transport tilbake til Gjendesheim. Her kan ein avslutte turen med eit forfriskande bad i Gjende med påfølgjande badestamp, før ein inntek nok ein tre rettars middag laga av lokale råvarer. Kvelden avsluttar ein i peisestova, kanskje med solnedgangen over Gjende.

Kven passar turen for?
Du bør ha sykla på terrengsykkel tidligare, ha god balanse og normal fysisk form.
Erfaring med stisykling er ikkje ei føresetnad

Antall deltakere
Antall deltakere er satt til minimum 4 stk og maximum 12 stk. (Fordelt i 6 dobbeltrom)

Bestilling skjer til [email protected]

Spørsmål om arrangementet kan stillast til Gjendeguiden: [email protected]


PAKKEPRIS PR PERS I DOBBELTROM 8900,-
Evt leige av sykkel 2000,- (400,- pr dag)

Tid/dato

Dato Tid Arrangementssted
17 Jul
Mandag 17 jul 2017 Gjendesheim
18 Jul
Tirsdag 18 jul 2017 Gjendesheim
19 Jul
Onsdag 19 jul 2017 Gjendesheim
20 Jul
Torsdag 20 jul 2017 Gjendesheim

Kontaktinformasjon

Telefonnummer (booking)
+47 612 38 910
Kontaktperson
[email protected]
E-post
[email protected]
Nettside
https://www.facebook.com/Gjendeguiden-385738595152283/

Prisinformasjon

Priser fra
8900 NOK
Prisinformasjon
pakkepris pr. pers i Evt leige av sykkel 2000,- ( 400,- pr dag)  

Spar & del

Send
Meldingen er sendt!

Velg arrangementer

  • Man 17 jul 2017 00:00 - 00:00 @ Gjendesheim
  • Tir 18 jul 2017 00:00 - 00:00 @ Gjendesheim
  • Ons 19 jul 2017 00:00 - 00:00 @ Gjendesheim
  • Tor 20 jul 2017 00:00 - 00:00 @ Gjendesheim
  • Fre 21 jul 2017 00:00 - 00:00 @ Gjendesheim
OK

Kart


Kontakt oss

Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Ola Dahls Gate 1
2670 Otta

Tlf: +47 61 24 14 44
Send epost

Bestill

Online booking er ikke tilgjengelig via Nasjonalparkriket.no.
Ta direkte kontakt med bedriften.