Brimi sæter i Jotunheimen

Adresse: Smølivegen, 2685 Garmo  vis kart
Beliggenhet: Nasjonalparkriket (Fjellområde)

Seter | På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka blir til ost. Her er vakker natur, ekte stillheit, og kulturhistorie på sitt beste.

Sommarsesong
Vi opnar sommarsesongen på Brimi sæter 19. juni 2020.
Og har ope kvar dag heile sommaren fram til 21. august 2020.

Online booking på www.brimi-seter.no
( Blir lagt ut ved nyttår før ny sesong)

Sommarstid har du anledning til å overnatte i brisk oppe på låven, lavo på tunet eller rom i seterhus, og få servert signaturmenyen vår, 4-retters skråpå-tå meny ved langbordet på låven kvar kveld kl 19. (Bordbestilling).

4- retters skråpå-tå meny
Signaturmenyen vår er populær og eit måltid litt utanom det vanlege.
Da dekker vi opp langbord på låven og setter fram heimsmidde bordgrillar og smeltar eigenprodusert ost. Den serveres med mange gode smakar og historieformidling. (Bordbestilling)

Ope seterkafé og butikk 11-18 kvar dag:
Seterkost som rømmevaflar, rømmegraut/ spekemat og god gamaldags kjøttsuppe med godt heimebaka brød til.
Andre lunsjrettar kan også kome på bordet.

I seterkafeen vår sel oss eigenproduserte seterprodukt av mjølk, setergris og storfe. Eit utval av andre lokalmatprodukt og gaveartiklar/ ting vil du også finne her.

Seterysteri
I ysteriet vårt på Brimi sæter lagar vi rømme, smør, kjuke ( pultost) og kvitost heile sommaren. Ysteriet har også eigen modningskjellar, der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren.
Du kan følge heile prosessen - frå mjølking og ysting til lagring.

Helgepakkar vår/ haustsesong
Utanom sjølve setersesongen, byr vi på helgepakkar frå mai til St. Hans. og frå ca skulestart til ut oktober.
Dette er ofte populære helger for venneturar/ familiefeiringar.
Vi tek og imot større grupper/ firma på vekedagar i haustsesong.
Les meir om helgepakkar på nettsida vår.

Julemeny:
Vi stenger sist i oktober, men har ope for julebord med ein utvida skråpå-tå meny to helger november/desember. ( Spør oss for dato)

Fasiliteter og tjenester

  • Nær fjell Nær elv Fjellområde
  • Fritidsfasiliteter i området
    Turstier Fjellvandring Fiskemuligheter
  • Spise og drikke
    Restaurant Cafe

Kontaktinformasjon


Kontakt oss

Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Ola Dahls Gate 1
2670 Otta

Tlf: +47 61 24 14 44
Send epost

Bestill

Online booking er ikke tilgjengelig via Nasjonalparkriket.no.
Ta direkte kontakt med bedriften.

Kontakt oss

Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Ola Dahls Gate 1
2670 Otta

Tlf: +47 61 24 14 44
Send epost

Bestill

Online booking er ikke tilgjengelig via Nasjonalparkriket.no.
Ta direkte kontakt med bedriften.
Build: 29.11.2019 11:45:56, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7757.cbischannel-24818 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails