Klimapark 2469 - Tidsreise i istunnellen oppunde Galdhøpiggen

Adresse: Klimapark 2469 Postboks 5, 2688 Lom Vis kart

Adresse: Klimapark 2469 Postboks 5, 2688 Lom

50 meter inn i isen. 7000 år tilbake i tid. Lærdom for livet. Kvar dag i sommarsesongen.

Lett fottur med naturvegleiar som fortel om fjell og klima i utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet - toppa med omvising i den fascinerande istunnellen i Juvfonne. Kjenn på islag som er inntil 7000 år gamle, opplev permafrosten som tiner, snøfonna som smelter og la deg trollbinde av fonnefunna som er utstilt i isen: Urgamle redskap, våpen, ski og klede som er gjort i fjellheimen dei siste åra i takt med klimaendringane smeltar snøen frå oldtida. Guida turar to gonger om dagen i sommar.

Info:
Guida tur med naturvegleiar to gonger dagleg frå 23.juni til 26.august. I helgane fram til 16.september
2 km vandring inkludert istunnellen
Kle deg i varme klær, lue, vottar og solide sko.
Oppmøte: Juvasshytta - tilgjengeleg med buss og privatbil
45 min køyring frå Lom - 30 min frå avkjørsla frå riksveg 55 på Galdsand
Kafé, restaurant, overnatting og WC ved parkeringa på Juvasshytta
Grupperabatt på guida tur og halv pris på inngangsbillett til utstillinga "Bergtatt" på Norsk fjellsenter i Lom

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer
    +47 61 21 16 00
  • E-post
  • Nettside
  • Åpningstider
    Guida turer to ganger daglig fra 23. juni til 26. august. Helger til 16. september. Ta kontakt for større grupper utenfor sesong.
  • Priser fra
    345 Voksen NOK
Build: 29.11.2019 11:45:56, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7757.cbischannel-24818 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails