Norsk fjellsenter i Lom - Der folk og fjell møtest

Adresse: Brubakken 2 , 2686 Lom Vis kart

Adresse: Brubakken 2 , 2686 Lom

Den beste fjellturen du kan gå utan å gå i fjellet.

I hjarta av Lom finn du Norsk fjellsenter, krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar. Høgepunkta finn du samla i utstillinga Bergtatt - med fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd og friluftslivet si utvikling frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Værrom med høgfjellet rett i kroppen. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut. Tre i Norge har allereie slått leir i Norsk fjellsenter - tek du turen innom i sommar?

I fjellsenteret finn du og Kafé Slingsby, kunstutstilling, bokhandel, fjellbutikk og informasjon om natur, turar og andre aktivitetar i nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen - og ein triveleg lesekrok med stemningsfull peis om været er ruskete utanfor.

Info:
Utstillingar, vitensenter, kunstutstilling, kafé, bokhandel og butikk, besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.
Åpen kvar dag i hjarta av Lom og fjellheimen

Vis mer

Om denne aktiviteten

Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7757.cbischannel-24818 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails