Topptur på ski i Jotunheimen | Gjendeguiden

Adresse: Moavegen 1, 2680 Vågå Vis kart

Adresse: Moavegen 1, 2680 Vågå

I vinter arrangerer Gjendeguiden toppturkurs, skredkurs og guider deg trygt til noen av kremtoppene i Jotunheimen.

Med storslåtte Gjende og Jotunheimen som tumleplass og masse lommekjent kompetanse i sekken, byr vi gjendeguidar på fjelleventyret og oss sjølve. Slik at du får turopplevingar å leve lenge på.

TOPPTURKURS
Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyr, i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å få gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!


SKREDKURS
Her får du ei intensiv innføring i skredlære som du kan bruke i turplanlegginga og undervegs på din neste topptur. På kurset vil du i småe grupper bli kjent med ulike verktØy og metoder for å lære å planlegge og bevege deg tryggast mogleg i variert skiterreng. Du treng ingen forkunnskapar for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang dag. Kurset passar for alle som har interesse for vinterfjellet. Skiutstyr kan leigast. På dette kurset er det høgt læringstrykk både ute og inne, for at du skal få best mogleg utbytte! I tillegg får du super forpleining på Gjendesheim Turisthytte.


BESSEGGEN VINTERTUR
Opplev klassikaren Besseggen vinterstid! Over 60 000 går turen om sommaren, men om vinteren er vi som regel einslege der. Med lokalkjent førar frå GJENDEGUIDEN tek vi turen oppover eggen, etter fin oppvarming på ski fra Bessheim via Bessvatnet. Vi kjører ned der skiføret er best!

Vis mer

Om denne aktiviteten

Build: 11.12.2019 13:33:30, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7757.cbischannel-24818 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails