Velkomen til Kalven Seter og Noregs mest unike kaffebar!

Adresse: Fjellvegen 1597, Lemonsjøen, 2683 Tessanden Vis kart

Adresse: Fjellvegen 1597, Lemonsjøen, 2683 Tessanden

Vi har laga ein urban kaffebar i ei gammal seterstuggu.

Kalven Seter er ei gammal seter med 8 hus frå 1800-1900-talet. Setra ligg idyllisk til i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen, eit stutt steinkast frå Jotunheimen og eit litt lengre kast frå Rondane og Dovrefjell.


I kaffebaren serverar vi nykverna og nytrakta svart kaffe, epressobaserte kaffedrikkar, iskaffe, te, iste, saft, vaffel, rømmebrød, sveler, knekkebrød, smoothie, is og kakao. Vi har sjenkeløyve.


Energikampparken: Gratis glede for store og små (2-100år).
Såg du på tv-serien «Energikampen» på NRK? Vi har bygd opp ein energikamppark basert på tv-programmet, der du kan bruke energien din ved å boltre deg med morosame energikampapparat. Du kan og leike deg med hesteskokasting, melkespannhalding og kasting, dra tau, gå på styltrer og mykje anna moro.

Vi tilbyr hesteridning på faste dagar i juli (sjå nedanunder).

Følg oss på Facebook for åpningstider og aktiviteter.

Vis mer

Om denne aktiviteten