Guida Munch-vandring hver dag

Dato: Fredag 7 jul 2017 - søndag 13 aug 2017 Vis kart

Mandag til søndag kl 11 og kl 15 i perioda 1. juli-13. august 2017.
Edvard Munch er ein målar av verdsformat og truleg den mest kjende kunstnaren Noreg har hatt. Han var både anerkjend og omdiskutert i si samtid, og mange oppfatta han som sjølvoppteken, sky og sentrert om seg sjølv og sin eigen kunst.

På Munch-vandring i Vågå vil du oppdage at han hadde fleire sider. Edvard Munch var oppteken av korleis nedarva genar formar oss som personar. Sidan farsslekta til Munch budde i Vågå i fleire generasjonar, vandra han hit som ung mann for å søkje opp røtene sine. Han hadde ofte Vågå i tankane, og bevarte eit nært forhold til Vågå heile livet gjennom fleire besøk.

Oppmøte Munchpunktet ved Liehjørna, Vågå sentrum. Norsk og engelsk. Gratis, ingen førehandsbooking. Vandringa inkl snartur innom Vågåkyrkja, prestegarden Ullinsvin og bygdamuseet Jutulheimen. Mindre grupper kan førehandsbestille utanom desse tidspunkta. Turen tar ca 1,5 time.

Du kan også gå Munchvandringa på eiga hand og lytt til høyrespelet «Oldemors portrett» frå lyddusjar langs merka rute.

Show more

Occasions

Date Time    
22 Jul
Lørdag 22 jul 2017 11:00 - 18:00
23 Jul
Søndag 23 jul 2017 11:00 - 18:00
24 Jul
Mandag 24 jul 2017 11:00 - 18:00
25 Jul
Tirsdag 25 jul 2017 11:00 - 18:00

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (booking)
    0047 61232840
  • Telefonnummer
    0047 61 29 36 00
  • Nettside
  • Åpningstider
    Måndag-torsdag kl 11, fredag –søndag kl 11 og kl 15 i perioda 1. juli-13. august 2017. O
  • Priser fra
    0 Gratis NOK
  • Linker