cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639
cbis:1867639

Brimi sæter i Jotunheimen

På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka blir til ost. Her er vakker natur, ekte stillheit, og kulturhistorie på sitt beste.
Sommarsesong
Vi opnar sommarsesongen på Brimi sæter 24. juni i 2022.
Og har ope kvar dag heile sommaren fram til 19. august 2022.

Online booking på brimi-seter.no

Sommarstid har du høve til å overnatte i brisk oppe på låven, lavo på tunet eller rom i seterhus, og få servert signaturmenyen vår, 4-retters skråpå-tå meny ved langbordet på låven kl 19.
Vi tilbyr 1 døgnspakke og 2 døgnspakke i 2022, der skråpå-tå er inkludert i pakka.

4- retters skråpå-tå meny
Signaturmenyen vår er populær og eit måltid litt utanom det vanlege.
Da dekker vi opp langbord på låven og nokre bord ute i glashus, og setter fram heimsmidde bordgrillar og smeltar eigenprodusert ost. Den serveres med mange gode smakar og historieformidling.
Bordsetting kl 19. (Bordbestilling)

Ope seterkafé og butikk:
Ope i sommarsesong kl 11-18 kvar dag.
Seterkost som rømmevaflar, rømmegraut/ spekemat og god gamaldags kjøttsuppe med godt heimebaka brød til.
Andre lunsjrettar kan også kome på bordet.

I seterkafeen vår sel oss eigenproduserte seterprodukt av mjølk, setergris og storfe. Eit utval av andre lokalmatprodukt og gaveartiklar/ ting vil du også finne her.

Seterysteri
I ysteriet vårt på Brimi sæter lagar vi rømme, smør, kjuke ( pultost) og kvitost heile sommaren. Ysteriet har også eigen modningskjellar, der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren.
Du kan følge heile prosessen - frå mjølking og ysting til lagring.

Helgepakke vår/ haustsesong
Utanom sjølve setersesongen, byr vi på ei innholdsrik helgepakke frå helga etter 17. mai til St. Hans. og frå ca skulestart til ut oktober.
Dette er ofte populære helger for venneturar/ familiefeiringar.
Vi tek og imot større grupper/ firma på vekedagar i haustsesong.

Les meir om helgepakka på nettsida vår.

Julemeny:
Vi stenger sist i oktober, men har ope for julebord med ein utvida skråpå-tå meny to helger november/desember. ( Spør oss for dato)

Kontaktinformasjon

Adresse: Smølivegen, 2685 Garmo
Telefon: +4740 07 51 35
Email:

Mer informasjon

  • Restaurant