cbis:2035671
cbis:2035671
cbis:2035671
cbis:2035671
cbis:2035671
cbis:2035671
cbis:2035671

Mathelg med besøk hos reinflokken, trugetur og bålkos

Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft på truger, møte med tamreinflokken i høgfjellet, et god heimelaga mat og sov i mjuke senger på eit av dei unike romma på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå mot grensa til sjølvaste Jotunheimen.
Priser fra : 3050 Nok

- Priser fra: 3 050 kr pp (Dette er i dobbeltrom uten eget bad) Eigne barne-

- ungdomsprisar, ta kontakt!

Ankomst fredag:

Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer. Reinsdyr står sjølvsagt på menyen.

Laurdag:

Etter frokost blir du plukka opp utenfor Lodgen og skyssa til fjells, nærare bestemt Lemonsjøen. Her møter vi reinsgjetarane som tek oss med på truger innover fjellet mot tamreinflokken. Du får lære om gjetarlivet, reinen som individ og oppleve nærkontakt med fjellets høvding - reinen! Eksotisk, familievenleg og unikt! Gode vinterklede og sko er viktig! Passar alle aldre.

Bålkos og tullprat
Etter møte med reinflokken, fyrar vi bålet, kokar kaffe og varm saft. Smakar på turka reinskjøt og et god niste. Sjølvsagt set vi av tid til fotografering! Under kan du sjå biletet frå arrangementet i fjor :)

Eit minne for livet!

Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Slitne kroppar og heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.

Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!

Vi har eit tett samarbeid med ULU of Norway, vår kjære nabo. Dei har både garveri, systue og eit lite utsalg av reinskinn og skinnprodukt. Omvisning og moglegheit for ein god handel her i løpet av helga!

Dato:

04 mar 2022
Mathelg med besøk hos reinflokken, trugetur og bålkos 04 March 2022 - 09:00