Ullinsvin - Haustutstilling 2021

Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda.
HAUSTUTSTILLING

Når trærne blir mine;

"Jeg har ruslet inn blant trær og skoger flere steder i landet vårt. Fra de tykkeste skogene på Østlandet til de ensomme vindskjeve trærne ute langs kysten på Jæren. Trær, skog, kongler, nåler. Dag og natt, sommer og vinter. Det er rolig, vindfylt, mørkt og mystisk. Det vrimler av mennesker, dyr, og figurer blant trærne. Men du må ta deg tid til å stoppe, sette deg ned og se. Bruke tid. Da kan det hende du ser like mye spennende som jeg har sett. Det er alt dette jeg lager bilder av. Jeg bruker stifter, blyant og mikser dette med gammel tjære for å fortelle hva jeg opplever blant trærne mine."

- Ingvar Moi Ingvar Moi er født på Jæren og har 3 års utdanning på teikneskule. Han har dei siste 37 åra budd og arbeida i Oslo og Bærum. Ingvar Moi har jobba med reklame, design, eigne bøker og kunst i alle år. Samtstundes har han skapt kunstprosjekt som har blitt både bøker og utstillinger. Dei siste åra har han brukt all si tid blant tre. Dette har resultert i mange separatutstillinger fleire stader i Norge.

"Tulipanvariasjoner"

Tore Lund-Blindheim vart interessert i fotografi i 14-års alderen. Det starta med analog fotografering, vart digital som mange andre, men sidan 2013 har han kun fotografert analogt.

No jobbar han i svart/kvitt og mørkerommet. Den analoge teknikken gjev langsamare prosess med større konsentrasjon, høgare kvalitet og ein haldbarheit på fleire tusen år. Kvar print er også unik.

Hovedtema i fotograferinga til Lund-Blindheim har dei siste åra vore tulipanar. Utfordringa har vore å ikkje lage blomsterbilder, men å abstrahere slik at blomsten blir ei form. Ei form med kraft og vitalitet.

Opningstid haustutstillinga:
Tid: 18. september-31. oktober 2021
Opningstider: Laurdagar og søndagar kl. 11-15 i utstillingsperioda 18. september-31.
oktober. Ope kvar dag kl. 11-15 i veke 40 og 41 (haustferievekene). Ellers etter
førehandsbestilling


CAFE EDVARD OG PRESTGARDSHAGEN - åpent kun om sommeren.

Café Edvard er også lokalisert i Ullinsvin. Her kan ein nyte ein kopp kaffe og god, fersk bakst, anten inne i kafeen eller ute i den historiske prestegardshagen.

I Ullinsvin kan du besøke den historiske prestegardshagen, som består av både urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år. I prestegardshagen kan du sjå bysta av Edvard Munch laga av skulptøren Jo Visdal (frå Vågå), besøke urtehagen til oldemor Christine Storm Munch, lysthuset frå 1810 og lytte til høyrespelet «Oldemors portrett».

For meir info, sjå www.ullinsvin.no eller følg Ullinsvin på Facebook for
oppdateringar.

Date For Activity:

25 sep 2021
Ullinsvin - Haustutstilling 2021 25 September 2021 - 11:00
26 sep 2021
Ullinsvin - Haustutstilling 2021 26 September 2021 - 11:00
02 oct 2021
Ullinsvin - Haustutstilling 2021 02 October 2021 - 11:00

Show 18 more occasions...

Address: Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågå
Email: