CBIS 6666278
CBIS 6666276
CBIS 6666277
CBIS 6666280
CBIS 6666281
CBIS 6666282
CBIS 6666306
CBIS 6666307

Andre Etasje Restaurant -"Der tida står stille"

Restauranten vår, Andre Etasje held til i den vakre fjellbygda Vågå. Hit kan du kome for å puste ut, oppleva storslått natur i lag med kulinariske høgdepunkt. I vår heimekoselege restaurant skal maten vera ekte og heimelaga. Den skal ha identitet og tuftast på gode råvarer, gjerne lokale. Men viktigast av alt skal den smake godt og få deg til å ville koma attende.

I restauranten vår kan du nyte eit godt måltid med historieformidling i heimekoselege og unike lokaler. Vi har forvandla ein gamal bolig til vår restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med ei felles interesse for interiør og fargar. Målet vårt er at vi skal skape ei atmosfære der gjestane føler at dei kjem heim til oss.

På dagtid serverer vi enkle lunsjrettar, både varme og kalde. På kvelden varierer vi ofte
mellom 3-, 4- eller 5- rettarar. Bordbestilling og informasjon finn du på www.andreetasje.no eller kontakt oss på [email protected]

Skal du arrangere eit mindre selskap er Andre Etasje eit godt alternativ for små og mellomstore grupper. Kombiner det gjerne med overnatting på Sov Lodge som ligg 200 meter frå Andre Etasje.

På taket har vi ei 170 kvm takterrasse med utsikt mot fjella. Her kan du ta deg ein matbit i sola eller nyte noko godt i glaset inne i drivhuset vårt. Kanskje kjenner du lukta av urter og blomster som vi dyrkar her.

Tek du turen til Andre Etasje, så vil du alltid bli møtt av minst ein av oss tre damene som eig og driv Andre Etasje. Dette fordi vi er så oppteke av vertskapsrolle og trivelege møter med nye og gamle gjestar.

VELKOMMEN OPP.

Address: Vågåvegen 51 a, 2680 Vågå
Email: