cbis:2078330
cbis:2078330
cbis:2078330
cbis:2078330

Brendjordsbyen

I århundrer har Brendjordsbyen bydd fastbuande og langvegsfarande frå alle himmelretningar mat og kvile i hjarta av fjellbygda Lesja. I dag er du velkomen tl å vakne opp i unikt restaurerte og verneverdige tømmerhus i hjarta av levande kulturlandskap, fjellheim og gardsdrift - og fersk bakst frå vedfyrt steinomn i fjøset.
I Brendjordsbyen blir du ynskt velkomen av Kjersti og Tronn. 24 år unge og utan bekymringar kjøpte dei i 2002 eit gardstun frå 1700-talet med sju tømmerhus i fritt forfall.

To tiår seinare har ekteparet pussa opp det meste av stokk og stein, reist utterlegare eit historisk våningshus og eit stort fjøs på garden - samt blitt foreldre til Olav, Iver August og Lars.

Navnet gardshotell kjennest litt pretensiøst, men kring tunet på Brendjord finn du gardsovernatting utanom det vanlege på stabburet eller eit av dei andre verneverdige husa frå 1700- og 1800-talet. Om du er heldig toppa med fersk bakst frå steinomnen. Bed&Bakst er kan hende eit treffande namn?

Fjellbygda Lesja finn du aller øvst oppunder himmelkvelven der Gudbrandsdalen og Romsdalen begge har sine kjelder. Ei lys levande landbruksbygd med stolte tradisjonar for stuttreist kvalitet på beite, grøde og brygg. Mellom dei århundregamle tømmerveggane i Brendjordsbyen vaknar du midt i hjarta av Norsk landbruk og lokalmatproduksjon, og opplev korleis livet på garden pulserar kring tunet.

Kontaktinformasjon

Adresse: Brendjordsvegen 57, 2666 Lora
E-post: