CBIS 6656675
CBIS 6656672
CBIS 6656671
CBIS 6656673
CBIS 6656674
CBIS 6656666
CBIS 6656668
CBIS 6656676
CBIS 6656670

Fiske i Skjåk

Harrfiske eller fiske etter storauren i Ottaelva, høgfjellfiske i Breheimen Nasjonalpark, lange eller korte fisketurar i Reinheimen Nasjonalpark, familiefiske på Grotli, eller kanskje garnfiske på Aursjoen for å sikre rakafisken?

Med fiskekort i Skjåk Almenning kan du velje i over 200 ulike vatn og 250 km med fiskeførande elv fordelt på eit 2000 kvadratkilometer stort område. Og det med eit og same fiskekort!

Med fiskekort i Skjåk Almenning er du garantert store valmoglegheiter, og tilbod som kan treffe alle, enten du likar å gå korte eller lange turar. I Skjåk Almenning kan du fiske mellom 400-1700 moh. Dette gjer sesongen lang og variert med tanke på klekking og forhold.

Langs Riksveg 15 slyngar Ottaelva seg ca. 70 km gjennom heile kommunen. I denne elva vil du kunne fange harr opp til Dønfossen. Elles er det aure som dominerer elva. Området frå Pollfoss og ned til utløpet av Pollvatnet egnar seg svært godt for flugefiske. Lengre nedstraums i elva breier den seg ut i vatnet «Skim». Også her er det veldig fint å drive stongfiske frå Marlo bru og nedover.

Inne på dei store fjellområda er det eit mangfald av mange små og store blinkande perler.  Mange av vatna ligger høgt til fjells, og den beste tida for fiske er derfor frå juli og utover seinsommaren.
Lundadalen, Tundradalen, Aursjoen, Billingen, Tordalen og Sota er gode utgangspunkt for fisketurar i høgfjellet.

På vår heimeside finn du meir informasjon om fiske i Skjåk Almenning med blant anna meir konkrete tips. Skjåk Almenning tilbyr også utleie av 17 ulike hytter og mange båtar til fjells eller i dalføret. Via Inatur kan du enkelt løyse fiskekort når du vil.

Kontakt oss gjerne på e-post eller telefon for ein fiskeprat.

Address: Industrivegen 10, 2690 Skjåk
Email: