Gjendesheim Turisthytte
Egentleg var planen å bygge Gjendesheim ved Leirungen, lenger opp mot Valdresflya. Men det gjekk ikkje i orden med tomt her, og ein måtta da nøye seg med plasseringa Gjendesheim har i dag. Akkurat det er det vel ingen som er lei seg for i dag!
Fra "Meddelelser til medlemmene" i Den Norske Turistforening heiter det: "Den nye hytte ved Gjende blev ferdig sommeren 1878 og samme år besøkt av 125 turister. Den 4. mars 1879 fikk den navnet Gjendesheim."
Sidan har mykje endra seg; talet på gjestar har auka og Gjendesheim har vorte større.
Men Gjendesheim har alltid vore ein stad for fotturistar som søkjer det enkle friluftsliv i norske fjell. Og fjella er dei same.
Etter 1976 er det ikkje oppført nye hus, men det har pågått stadig ombygging, påbygging og oppussing av alle hus.
Gamlebygningen er påbygt i begge retningar, men den eldste delen frå 1878 skjuler seg fortsatt i bygningen. Huset er oppussa, har fått gode tørkerom, dusj og badstue og framstår i dag som eit triveleg hus med mykje sjel i veggane!
- Felles oppholdsrom
- Barnevennlig
- Badeplass
- Kjæledyr ikke tillatt
- Kiosk
- Turstier
- Vinteråpen
- Fasiliteter for handikappede
- Frokost
- Felles spisestue
- Ladestasjon elbil
- Nær fjell
- Nær elv
- Fjellområde
- Ved elv i dalbunn
- Fjellutsikt
- Fjellvandring
- Fiskemuligheter
- Skiutleie
- Skiløyper
- Nistepakke
- Lunch
- Middag serveres
- Babyseng tilgjengelig