cbis:1188047
cbis:1188047
cbis:1188047
cbis:1188047
cbis:1188047

Klimapark 2469 - Tidsreise i istunnellen oppunde Galdhøpiggen

Bli med inn i ei eventyrverd av is - kvar dag heile sommaren
Priser fra : 345 NOK Voksen

- Priser for guida tur: Vaksen: 375 NOK Barn: 185 NOK Familie: 820 NOK Grupper på inntil 20 personar: 4500 NOK Billett til Klimapark 2469 gir 30 prosent avslag på billett til Norsk fjellsenter i Lom sentrum.

Istunnelen er ei 375 kvadratmeter stor eventyrverd av is ved foten av Galdhøpiggen. Du kan vandre mellom vakre is-skulpturar og arkeologiske skattar medan du drøymer deg attende til vikinganes jakt-kunstar, eller tek ein tur i is-sklia. Den eldste isen er over 7000 år gamal, og heile tunnelen er hogd ut for hand i ei naturleg snøfonn.

Frå parkeringsplassen ved Juvasshytta følger du ein ei kilometer lang gangbane fram til istunnelen. Undervegs fortel guiden om tinande permafrost, smeltande isbrear, dyra og plantane du finn i desse barske fjellområda og om vikinganes jakthistorie.
Turen er overkommeleg for dei aller fleste og passar fint for barn. Guiden møter deg ved parkeringsplassen på Juvasshytta. Tur-retur tek turen om lag to og ein halv time. Kle deg for fjelltur og ei unik oppleving.

Info:
- Guida tur fleire gonger dagleg frå midten av Juni til midten av August.
- Totalt to kilometer med vandring.
- Temperaturen i istunnelen er som i eit kjøleskap. Kle deg godt med lue, vottar og varme sko.
- Oppmøte ved Juvasshytta. Tilgjengeleg med buss eller privatbil.
- Med bil frå Lom: Følg riksveg 55 til Galdesand, ta avkøyrsla mot Juvasshytta og fortsett i kring 30 minutt langs Noregs høgastliggande veg opp til 1840 meter over havet.
- Billett til Klimapark 2469 og istunnelen gir 50 prosent rabatt på inngangsbilleten til utstillinga om Norsk fjellhistorie på Norsk fjellsenter i Lom sentrum.

Kontaktinformasjon

Adresse: Klimapark 2469 Postboks 5, 2688 Lom
Telefon: +4761 21 16 00
E-post: