cbis:1996487
cbis:1996487
cbis:1996487
cbis:1996487
cbis:1996487

Munch-stigen - ei vandring i Edvard Munchs fotspor

20. juli 1895; Ein varm og fin sumardag, kom Edvard Munch vandrande ned Bakselabakken og skodar utover Vågåvatnet og Vågåmo for fyrste gong. I brev og i skisseboka hans ser ein at Munch reiste frå Gausdal 11. juli og deretter tok turen inn i Fronsfjella og vidare til Vågå.
Føtene var det naturlege framkomstmiddelet, og det var populært blant unge menn å gå lange fotturar for å oppleve Fjell- Noreg på denne tida. Ulikt mange av dei andre kunstnarane som var på vandring om somrane var det ikkje fjella, men Vågå som var det endelege målet med turen for Edvard. Det var menneska, historiene, slekta, læren om fortida og søken etter identitet.

Opp gjennom oppveksten sto fortelling om familie, slekt og røtene sentralt når far samla Edvard og søskena. Desse stundene, som mest truleg var eit positivt innslag i ein utfordrande kvardag, viser behovet vi alle har for tryggleik, tilknyting og ro. Gjennom naturopplevingane Edvard Munch hadde på veg gjennom vakre Sjodalen, samla han enorm inspirasjon, som vi kan sjå att i skissebøkene og reisenotata hans i tillegg til å gjenoppleva i kunsten hans.

1930: I skisseboka skriv han: «Jeg må reise til fjells for å få krefter. Det trengs for andre legger beslag på meg.»

MUNCH-STIGEN mellom Bessheim og Vågåmo

Munch-stigen startar i Bessheim, dit Edvard Munch kom med båt over Sjodalsvatnet på vandringa frå Sikkilsdalen til Vågåmo. Langs Munch-stigen går du i Edvard sine fotspor frå fjellet og ned til bygda. Undervegs blir du både betre kjent med personen og kunstnaren Edvard Munch, og opplever interessante natur- og kulturminne. Frå Bessheim er Munch-stigen 53,9 km fram til Vågåmo. Du kan også starte ved Gjendesheim, da er total lengde 57,3 km. Stigen er også egna for sykling. Undervegs ligg det fleire spise- og overnattingsstader, nokre med eiga Munch-meny.

Stien knytter saman etablerte opplevingar som Hulderstigen, Stuttgongfossen Naturreservat, Ridderspranget, Blessomkalvkveet, Heimfjellet, Kveom grenda-stig, Vågåkyrkja, Munch-vandringa i Vågåmo sentrum med høyreespelet «Oldemors portrett» i 3 etablerte lyddusjer og Galleri Ullinsvin med Prestegårdshagen og Cafe Edvard.

Bessheim Fjellstue, Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend, Gammel-Kleppe Kulturarvhotell og Vågå Hotell står klare til å ta imot deg som vandrar. Dei tek vare på Munch sin lidenskap for det gode «hotell- måltid», og har utvikla ein meny, basert på oppskrifter frå Fru Christine Storm Munch si kokebok (Edvard Munch si oldemor).

Undervegs blir du betre kjend med personen og kunstnaren Edvard Munch. Det er sett opp 22 informasjonstavler langs stigen som gir deg kunnskap om kunsten og livet til kunstmålaren.

Kart over hele Munch-stigen finn du HER.