Naturens Kjøken

Arne Olav Brimi er ein meisterkokk frå Vågå i Oppland. Tv-programmet «Gutta på tur» frå TV2 var med å gjera Brimi til Noregs første kjendis-kokk, og samstundes innførde han sjalottlauk i det norske kjøkken. Han brenn for bruk av norske råvarer i matlaginga, og er kjent for koplinga mellom mat, natur og helse. Brimi har forfatta fleire kokebøker med fokus på den norske nasjonalkokekunsten.
Brimi er utnemnt som æresdoktor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. I 1987 var Arne Brimi den første norske kokken som deltok i Bocuse d`Or (dei uoffisielle VM-A til kokkane). I 2005 vart han òg slått til riddar av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk matkultur. I 2017 vart Arne Brimi tildelt Horecabransjens Ærespris, han er den andre personen som mottek denne prisen.

I dag driv Arne Brimi matstedet Vianvang, ein plass for formidling av mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen.

Kontaktinformasjon

Adresse: Krosstjønnvegen 40, 2683 Tessanden