Sparebank1 Lom&Skjåk
Fjell og bankar har mykje til felles. Uansett kva sti du slår inn på. er SpareBank 1 Lom&Skjåk gjerne din vegvisar.
Nær, solid og livgjevande.
Der har du fjellheimen som omgir oss øvst i Gudbrandsdalen. Der har du kjerna vår som bank. Uansett kva sti du slår inn på, er vi gjerne ditt følgje. For å vise deg enno tydelegare kven vi er, kor vi kjem frå og kva verdiar vi står for, lot vi oss 13.september døype i fjellvatnet Gjende. Vi er Fjellbanken.
Gjennom tre århundrer har SpareBank 1 Lom og Skjåk slått djupe røt i dei eventyrlege dalføra kransa av fjellområda Jotunheimen, Dovrefjell, Rondane, Breheimen og Reinheimen. Dei livskraftige bygdene vi er del av rommar nokre av dei mest unike kulturlandskapa, kulturarven, tradisjonane og naturattraksjonane i Noreg. Toppa av eit næringsliv med framifrå fagfolk innan landbruk, reiseliv, handel og industri. Alt saman kvaliteter vi som regionbank stolt bidreg til å støtte opp om og vidareutvikle – i trygg forvissing om verdien av lokalt engasjement.
Anten du er personkunde i bygd eller by, ynskjer å utvikle bedrifta eller dalføret, er aktiv i frivillig arbeid eller gründer med framtidsretta konsept – i Fjellbanken er vi stolte av vårt ansvar og vår arv, og tek aktiv del der gode initiativ og idear dukkar opp.
SpareBank 1 Lom og Skjåk bankar for fjellbygdene nord i Gudbrandsdalen, vi bankar folk og framtid. Gjer du det same så slår vi gjerne følgje. For vi vil gjerne være lokalbanken din, der du er.

Kontaktinformasjon
Adresse:
Skjåkvegen 1208,
2690
Skjåk
Telefon:
+47 61 21 90 00