cbis:2123552
cbis:2123552
cbis:2123552

Ullinsvin

Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå, ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum med umiddelbar nærleik til to andre kulturhistoriske sentrum, Vågåkyrkja og Jutulheimen bygdamuseum. Ullinsvin består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda, fordelt på eit inntun og eit uttun. Galleri Ullinsvin er eit nytt galleri i Ullinsvin, ferdigstilt i 2019. Formidling av kunst, kultur og historie både frå eldre og ny tid, vil stå i fokus i Ullinsvin.
I Ullinsvin kan du besøke den historiske prestegardshagen, som består av både urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar. Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år. I prestegardshagen kan du sjå bysta av Edvard Munch laga av skulptøren Jo Visdal (frå Vågå), besøke urtehagen til oldemor Christine Storm Munch og lytte til høyrespelet «Oldemors portrett». Du kan også besøke Cafe Edvard i Ullinsvin, med meny basert bl.a. på oldemor Christine sine oppskrifter. Sitronterta er spesielt populær. I det digitale sanserommet kan barn og unge få gjere sine eigne tolkningar av Edvard Munch sine kunstverk gjennom spesialtilpassa teikneprogram og VR-teknologi.

Galleri Ullinsvin stod ferdig til sommaren 2019 med offisiell opning den 19. september. Fotografen Morten Krogvold, som har halde fotoworkshops i Vågå i 30 år, sto for opningsutstillinga i Galleri Ullinsvin.

Kontaktinformasjon

Adresse: Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågå
E-post: