CBIS 4092214
CBIS 6672638
CBIS 4092220
CBIS 4092221
CBIS 4092222
CBIS 5858480
CBIS 5858481
CBIS 6192463

Kalven Seter

Om du har tenkt deg på Noregsferie med barn i sommer er du rett og slett nødt til å køyre innom Kalven Seter på Lemonsjøen. Her får ungene leike seg i den spennende, og ikkje minst gratis aktivitetsparken mens voksne kan ta turen inn på seteren og få seg det dei ynskje av kaffe, te og andre tilbod.

Velkomen til Kalven Seter og Noregs mest unike kaffebar! Vi har laget ein urban kaffebar i ei gammal seterstuggu ved Lemonsjøen.

Kalven Seter er ei gammal seter med 8 hus frå 1800-1900-talet. Setra ligg idyllisk til i sørenden av Lemonsjøen, like ved rv. 51, Valdresflyvegen, eit stutt steinkast frå Jotunheimen og eit litt lengre kast frå Rondane og Dovrefjell.

I kaffebaren serverar vi nykverna og nytrakta svart kaffe, epressobaserte kaffedrikkar, iskaffe, te, iste, saft, vaffel, rømmebrød, sveler, knekkebrød, smoothie, is og kakao. Vi har sjenkeløyve.

Energikampparken: Gratis glede for store og små (2-100år).
Såg du på tv-serien «Energikampen» på NRK? Vi har bygd opp ein energikamppark basert på tv-programmet, der du kan bruke energien din ved å boltre deg med morosame energikampapparat. Du kan og leike deg med hesteskokasting, melkespannhalding og kasting, dra tau, gå på styltrer og mykje anna moro.

Address: Fjellvegen 1597, Lemonsjøen, 2683 Tessanden
Email: