Norsk fjellsenter i Lom
Fjellhistorie, mammutar og spor frå fjellvikingane.
Nominert til prisen «Årets museum» i 2019!
I utstillinga på Norsk fjellsenter kan du nyte fire årstider i fjellheimen på storskjerm, forme ditt eiga landskap i sand og vatn, helse på mammutar, sniffe inn lukta av sure sokkar i ei mini turistforeingshytte, sjå verdskjende brearkeologiske funn frå vikingtida og teste ut vêrrommet med vind, tåke og lyn og torde. Du kan sjå Noreg sin eldste sko, eldste boge, eldste klesplagg og eldste ski med binding – skattar som har smelta fram frå isen i fjella.
Du finn rebusløype for barn inne i utstillinga og natursti ute i skogen bak senteret.
Kvar fredag i juli kan ungane bli med på «Vikingfredag»!
Alt du treng av turkart, turbøker og mykje artig til ungar, finn du i museumsbutikken.
Norsk fjellsenter er besøkssenter nasjonalpark for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, og vi hjelper gjerne med å finne dei turane som passar til deg og ditt turfølgje.
Slå deg ned ved bålet, eller sleng deg i ei hengekøye og planlegg neste tur med ei bok frå bibliotekskroken.
Dette finn du på Norsk fjellsenter:
- Utstilling
- Minivitensenter
- Kunstutstillingar
- Rebusløype for barn
- Natursti for barn
- Utstoppa dyr og fuglar frå området
- Vrimleareal
- Turinformasjon for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen
- Kart og turbøker
- Gåveartiklar
- Kaffi og te

Kontaktinformasjon
Adresse:
Brubakken 2 ,
2686
Lom
Telefon:
+4761 21 16 00
Telefon:
+47 61 21 16 00
E-post:
[email protected]